|
HOVEDSIDE
Me hjelper fattige å hjelpe seg sjølve
SjølhjelpFinans AS er eit hjelpetiltak for folket ved Aralsjøen i Usbekistan.
Me yter små lån (såkalla mikrokreditt) til fattige så dei kan skaffe seg ein leveveg.
På besøk hos ei som har fått hjelp
Sholpan er 60 år og Aygul 7 år. Sholpan har vore kunde i ein amerikansk NGO som ikkje har fått fornya sitt visa til Usbekistan.
Første lånet gjekk til å etablera ein ”butikk”, men så blei mannen sjuk og ho måtte starte med noko anna. Då fekk ho nytt lån og kjøpte seg to geiter.
I Usbekistan er det staten som eig det aller meste av jorda. Folket kan bruka den jorda som ikkje er dyrka til beite for dyra sine. Sholpan hadde store areal for geitene til å beita på. Etter ei tid fekk geitene kje. Etter eit år hadde ho fire geiter. Nå har ho 10 geiter, sjøl om ho har slakta og brukt geiter til både gåver og til fest, f.eks når Aygul og dei andre barnebarna starta på skulen.
Etter ei tid søkte ho og fekk nytt lån, denne gong til ei ku som var drektig med kalv. Ho har slakta og seld kjøt. For å hjelpa den eine sonen sin, selde ho to kalvar slik at han kunne få kjøpt seg ein bil.
Ho har også hatt økonomiske problem, men sidan ho eigde dyr og hadde lite gjeld, kunne ho selja dyr og dermed berga seg or problemet.
I familien til Sholpan er der sju personar. Ein son og kona hans er i arbeid, men det er Sholpan som har det meste av det økonomiske ansvar for familien.
Ho har ikkje hus til dyra; dei går ute på statens marker om dagane, men kjem heim om kvelden slik at dei kan melkast. Om natta er dei innanfor eigedomen som etter tradisjonen er gjerda inne. Kyrne gir 3 – 6 liter per døgn og blir melka morgon og kveld.
Sholpan har ein travel dag. Ikkje berre har ho ansvar for dyra, men ho har også det meste av ansvaret for hushaldet.
Då me gjorde avtale om møtet, hadde ho gjester heime. Dei ba henne gi melding om at dei også var interessert i å få lån slik at dei kunne starta opp med sine prosjekt.
Og me veit at der er mange i dette området ved Nukus som gjerne vil koma i gang med sine prosjekt.
AKTUELLE ARTIKLER OM ARALSJØEN:
http://www.dagbladet.no/2010/04/06/magasinet/utenriks/miljo/ban_ki-moon/fn/11156776/
|